VM medaljar veteran og spennande Fristafett

Under veteran-VM i Polen denne veka tok Herborg Blakstad sølv på 60m med 11.62 og bronse på 200m med . I tillegg vart det ein 6.plass i tresteg. Vi gratulerer spreke Herborg som stiller i klassen 80-84 år.

Fristafetten vart svært spennande. Seniorlaget for menn måtte bokføre eit knepent tap for Gneist etter eit stafett som var jamn heile vegen. Juniorlaget for menn vann, og damelaget vart nr. 3. Vi hadde også andrelag både for damer og for menn junior. Sidan nettredaktøren var på jobbreise nordpå denne dagen, viser vi til kondis sin reportasje her:https://www.kondis.no/thrilleroppgjoer-mellom-gneist-og-gular-i-fristafetten.6593402-127676.html

Bjarte Bogstad