Norsk rekord av Marius

Under Stardalen Grand Prix skjærtorsdag sette Marius Vedvik ny norsk rekord på 3km gateløp med 8:14, 4 sekundar betre enn den gamle rekorden. Han fekk hard konkurranse av heimefavoritten Eivind Øygard (8:18) . Løypa i vakre Stardalen i Jølster var først 1 km i sur motvind, før løparane snudde og fekk 2km med medvind utover dalen. Som ein ser av bildet frå start ligg snøen lenge her innunder Jostedalsbreen.

Palmesøndag hadde fleire av våre løparar tatt turen til Drammen der det var sterke felt både på 10 og 5 kilometer. På 10km vart Sondre Hoff nr. 13 på 30:45 og Adele Henriksen nr. 9 på 35:04, og på 5km vart Johannes Teigland nr. 6 på 15:00.

Bjarte Bogstad