Gull i UM og veteran-nordisk

Under helgas UM i Ulsteinvik vart det 2 gull, 1 sølv og 1 bronse til Gular. Erle Musum Lyng vann klart 800m i U23 klassen på ny klubbrekord innandørs, 2:11.61, etter å ha leia frå start til mål. Verdalsjenta var berre nokre tidelar bak persen. August Hemstad tok også gull på 60m i U23-klassen med 6.96, som er like bak persen, og følgde fint opp med 22.24, sølv og innepers på 200m. Bronsemedaljen gjekk til iherdige Daniel Måkestad Fadnes på 1500m U20 der han løp på 4:08.30, han vart også nr 4 på 800m med 2:01.35. På 60m i U20-klassen vart Martine Tharaldsen nr. 5 på 7.88 (7.87 i forsøket).

 

Bilde: Erle i mål på 800m – foto: Martin Hauge-Nilsen/kondis.no

 

Sist helg var det veteran-nordisk i Reykjavik der Herborg Blakstad vann både 60m, 200m, lengde og tresteg i klassen 80-84 år. Arvid Bjørsvik vann 3000m kappgang og tok bronse både på 1500m og 3000m i same aldersklasse og var dessutan med på det norske vinnarlaget på 4x200m stafett.

Bjarte Bogstad