Flott Gular-innsats i Tunnelløpet

Gular stilte mann- og kvinnesterkt opp med løparar i mange aldersklasser i Tunnelløpet som vart arrangert for å markere opninga av gang- og sykkeltunnellen som går parallelt med Bybanetunnellen til Fyllingsdalen. Riktig nok vart det ingen sigrar til Gular, men plasseringar som for eksempel 2-3-4-6-7-10 i menn senior 5km viste vår store breidde på godt nivå. Det vart mange gode tider og gateløpspersar i den raske løypa. I kortløypa på 3km vart det tredjeplass til Thomas Iversen-Skoge (bildet) på 9:09, og i dameklassen vart det andreplass til Synne Amundgård med 10:03 og Ida Forsmo (10:19) tok tredjeplassen på målfoto. I langløypa tapte Marius Vedvik spurten mot namnebror Marius Sørli frå Ask (14:13 og 14:14), og deretter følgde Tore Akerlie (14:33, betre enn banepersen) og Johannes Teigland (14:51). Fine tider (betre enn banepersane i den grad dei har slike) vart det også på Daniel Jacobsen (15:04), Daniel Beeder (15:07) og Ådne Nesje Hernes (15:17). Beste Gularjente vart Adele Henriksen med 16:39 (same tid som banepersen) og femteplass, medan Maren Austevik Bø vart nr. 8 på 17:08 som er langt under banepersen frå i fjor.

Vi noterer også at Christopher Wiggen vann ein 7km innlagt i Hålandsvatnet halvmaraton på 24:02.

Bjarte Bogstad