NM-gull til Johannes og stafettlaget

Under helgas innandørs-NM i Bærum vart det to gull og to sølv til Gular. Medaljefangsten var om lag som venta, men medaljevinnarane hadde gitt høge odds på førehand. Helgas skrell kom på 1500m for menn. Her var tid avgjerande, og A-heatet gjekk først, truleg av omsyn til sendinga på NRK.  Etter eit lureløp vann VM-deltakar Narve Gilje Nordås dette heatet på 3:54.05 Gutta i B-heatet greip då sjansen og sette god fart frå start. I nest siste sving tok Johannes Teigland kommandoen, og heldt akkurat unna for Sondre Risøy som kasta seg over mål (3:53.46 mot 3:53.47). Eldar Fagerbakke vart nr.  4 i heatet på 3:54.75 som er under persen ute. Det vart også satsa friskt i C-heatet, men dei klarte ikkje å slå tida til Johannes, som dermed vart norsk meister og fekk med seg nr. 2 og 3 i B-heatet på pallen.

Den andre gullmedaljen kom på 4x200m stafett, der kvartetten Jacob Vaula, Sondre Gjesdal, Filip Bøe og Andreas Bakketun kom først i mål på 1:27.38 etter eit spennande løp der Andreas leverte ein råsterk ankeretappe. Alle fire på stafettlaget hadde vore i aksjon tidlegare i helga. Jacob tok sølv på 60m med 6.74, berre 1/100 bak tidlegare klubbkamerat Even Meinseth. Filip tok sølv på 200m og hadde ei sterk tid i forsøket med 21.71.  Sondre vart nr. 6 i finalen på 200m og sette årsbeste 22.01 i semifinalen. Han sette også årsbeste på 60m med 7.05 i forsøket som gav semifinaleplass. Andreas vart nr. 4 på 400m med 48.74 og løp på 22.06 i forsøket på 200m.August Hemstad persa både i forsøk og semi, og 6.94 i semifinalen var beste tid av dei som ikkje kom til finalen, og på 200m vart det innepers med 22.29 i forsøket. Sivert Sellevold var også med og sette innepers på 200m 22.92, på 40m noterte han 50.51.

På mellomdistanse hadde vi også mange med. På 3000m vart det 5. og 6.plass til Bjørnar Lillefosse (8:09.07) og Eivind Trym Wikshåland (8:10.11 – like bak persen). Desse to skuffa på 1500m der det vart hhv. 11. og 9.plass i A-heatet. Tore Akerlie vann B-heatet på 3000m med 8:21.37 som er tre sekund betre enn utepersen, her gjorde Eldar ein flott harejobb. Lars Olav Apold viste stor framgang med 8:36.56 på 3000m og 4:04.23 på 1500m, begge tidene betre enn persane ute. Daniel Jacobsen fekk 8:48.06 på 3000m.

Nyinnmelde Erle Musum Lyng sette klubbrekord innandørs på 800m med 2:14.15 som heldt til sjuandeplass. På 3000m persa Synne Amundgård med over 20 sekundar til 10:09.16, og nyinnmelde Anzu Kvam var nær persen med 10:39.39. Ida Forsmo fekk 2.20.97 på 800m og  4:49.77 på 1500m og var ikkje langt bak dei persane ho nyleg sette. Vi hadde også kvinner i aksjon på landevegen i helga. Under Robustløpet på Bryne vann Adele Henriksen halvmaraton på 1:18.14, og Mia Bø vart nr. 2 på 5km med 19:01. Anne Hansen hadde tatt turen til Barcelona der ho fekk notert 1.23.40 på halvmaraton, reelt var nok tida under 1:23.00 då det ikkje var justering mellom brutto og nettotid her.

Bjarte Bogstad