Juniorgull, stafettbronse og veterangull i terreng-NM

Gular var godt representert under årets NM terrengløp kort løype i idylliske Grimstad. I dei individuelle konkurransane laurdag vart det eit overraskande gull til Daniel Måkestad Fadnes på 2km junior etter ei sterk avslutning på løpet. I seniorklassen på 3km fekk vi tre mann mellom dei 15 beste, Marius Vedvik på 8.plass, Tore Akerlie på 10. plass, og Eivind Trym Wikshåland på 15.plass. Dessutan vann Bjarte Bogstad MV60 og Arvid Bjørsvik MV80 – begge løp 3km. Under stafetten søndag tok førstelaget med Marius og Tore bronse bak to lag frå Ull/Kisa, medan andrelaget med Sondre Hoff og Johannes Teigland vart nr. 10 og tredjelaget med Lars Olav Måkestad og Daniel nr. 11.

Frå Siddisløpet nemner vi at Christopher Wiggen vart nr. 6 med 26.35 og Mia Bø nr. 5 med 31:45 i den 8.1 km lange løypa.

Bjarte Bogstad