Solid pers av John Petter Stevik: 1:49.66 på 800m

Under Norgeslekene i helga leverte Gularløparane mange gode prestasjonar og flotte persar. John Petter Stevik (bildet) persa frå 1:51.29 til 1:49.66 og vann 800m. Han nærmar seg med dette trenar Asgeir Thomassen sin pers på 1:49.36, og går inn på fjerdeplass på årets norgesstatistikk. Frank Otto Meinseth sin U23-klubbrekord på 1:49.39 er heilt klart innanfor rekkevidde! Gutta løp også bra på 3000m, der Bjørnar Lillefosse var raskast av våre med 8:02.08 som heldt til ein 7.plass i det sterke A-heatet. I B-heatet vart det solide persar både på Tore Akerlie med 8:10.33 og Sondre Hoff med 8:12.76, mens Johannes Teigland var like bak persen med 8:20.29 i A-heatet.

Imponerte gjorde også Ina Rilvaag. Den 23 år gamle NHH-studenten løp sitt første baneløp like før NM med 9:44.15 i eit uoffisielt stemne på Bislett (Moseby Invitational), og under Norgeslekene bekrefta ho først nivået med 9:45.72 på 3000m før ho slo til med ein råsterk 5000m på 16:45.05 – begge tidene er årsbeste i klubben!

Sprintarane leverte også gode tider. På 200m var medvinden litt for sterk med +2.4, August Hemstad noterte 21.50, hans klart beste tid nokon gong uansett vindforhold, mens Sondre Gjesdal som er tilbake etter skadeavbrekk fekk 21.94 som er betre enn årsbeste. På 100m løp August på 10.68 både i  forsøk og finale, ei tid han også hadde  på Skarpsno Games tidlegare i veka. Totalt 5 løp på 10.68 i sommar, dette kvalifiserer til stabilitetsprisen i norsk friidrett!  

Under vindsprint i Sandnes sist helg vart det perstangering Sondre Faugstad Amundsen med 21.58 og Filip Bøe sette årsbeste med  21.76.

Under Universiaden i kinesiske Chengdu kom Jacob Vaula til semifinale der han løp på sterke 10.41 i vind +0.5 etter 10.59 i vind -0.3 i forsøket.

Under den nordiske juniorlandskampen på Bislett vart Ida Grytaas Forsmo nr 7 på 800m med 2:19.05 og nr. 5 på 1500m 4:40.40, begge tidene er like bak persane.

Bjarte Bogstad