Arne Hamarsland 90 år

Arne Hamarsland sammen med Gulars veterangruppe i forbindelse med Arne Hamarsland Tribute, Fana Stadion august 2021.

Arne Hamarsland fyller 90 år måndag 24. juli, men er fortsatt sprek. Han var Gulars første løpar av internasjonalt format, og representerte Gular i heile karrieren frå han debuterte som baneløpar som 17-åring. Høgdepunkta i ein lang karriere var  

1)     3:39.8-løpet på Bislett 5. september 1958, då han vart fjerde løpar i verda under 3:40 på 1500m. Denne tida stod som norsk rekord i 10 år og som klubbrekord i 30 år.

2)     Finaleplass på 1500m under OL i Roma 1960

 

Han var også med under EM i Stockholm i 1958 der han sette ny norsk rekord på 1500m i forsøket, men vart utslått. Nasjonalt har han kongepokal frå 1963, 6 NM-gull på 1500m og 2 på 800m, og han er den einaste som har NM-medalje på alle distansar frå 800m til 10000m, 3000 m hinder inkludert, og dessutan i terrengløp. Han har sett sju norske rekordar og har deltatt i 55 landskampar. I 17 år på rad (1950-1966) toppa han klubbstatistikken både på 800m og 1500m.  Etter den aktive karrieren har han vore trenar og hatt mange verv i klubben, og har deltatt flittig i veteranklassene med notering på 1500m så seint som i 2018.

 

Han er dessutan tildelt både Kongens fortjenestemedalje og friidrettsforbundets gullmedalje for aktiv idrett.  

Foto: Hamar Stiftstidende/Domkirkeodden.

Bjarte Bogstad