Stein Sletten er død

Stein Sletten har gått bort. Det er med sorg me har fått vite at ein av Gular sine største idrettsprofilar har gått bort, 77 år gammal. Det positive og fine mennesket sovna inn på Austevoll pleie- og omsorgssenter 13. februar. Stein Sletten kom til Gular som ein talentfull fjortenåring. Året etter fekk han påvist sukkersjuke og valde difor ei ‘roleg’ idrettsgrein: høgdehopp. Fem gonger flytta han den norske rekorden, frå 2.05 til 2.10. Alle resultata vart sett i dykkstil. Resultatet 2.10 oppnådde han på Bislett i 1965, tre veker seinare vann han kongepokalen under NM i Haugesund med meisterskapsrekord 2.07. I alt vann han 3 NM-gull. Då han skada satsfoten, trena han opp den andre foten og vart norsk meister også med å satse på ‘feil’ fort – ein stor bragd. Stein representerte Norge i 23 landskampar.

Han var i mange år ein flittig funksjonær på Gular sine arrangement, ikkje minst på Bergenslekene. Etter at Stein pensjonerte seg som lærar, flytta han til Austevoll. På grunn av helseproblem budde han dei siste åra på Austevoll pleie- og omsorgssenter. Me er mange som sit att med gode minne om Stein som idrettsutøvar og menneske.

Bildet viser kongepokalvinnar Stein i 1965 saman med Oddrun Lange Hokland som vann kongepokalen for kvinner

Bjarte Bogstad