Flott Gularløping i inn- og utland

Det har vore ei helg med stor aktivitet i klubben, oppsummeringa vår dekkar både denne helga og forrige helg.

Vi startar med vår mann som representerte Norge denne helga. Etter ein sterk 60m på 6.75 i Göteborg nyleg vart Jacob Vaula tatt ut på landslaget til Nordenkampen i svenske Karlstad , der vart det ein femteplass på 6.79.

Under Pingvinlekene i Leikvanghallen i helga fekk Gular vist fram breidda på mellom/langdistanse, som bildet viser. På 3000m fredagen vann Eldar Fagerbakke på 8:23.52 føre Tore Akerlie på 8:24.54. Medisinstudent Eldar fekk vist at han er tilbake for fullt etter ein vanskeleg fjorårssesong, og Tore persa med tre sekundar, den gamle persen var sett ute i fjor. Blant jentene vart det eit jamt oppgjer mellom Synne Amundgård (10:32.65) og Amalie Joensen (10:32.72), med fleire fine tider og persar bakover i feltet. På 1500m leverte Bjørnar Lillefosse eit sterkt sololøp på 3:50.54, som tyder på at han har fått trent bra sjølv om han for tida er lege i Spesialisering (tilsvarande det som vi før i tida kalla turnuskandidat) i Molde. Han var like bak Eivind Trym Wikshåland sin kretsårsbeste på 3:49.51 sett under Norgeslekene forrige helg. På 1500m persa Ida Grytaas Forsmo med heile 13 sekundar til 4:44.85. Dette er under NM-kravet for senior slik det var i fjor, men årets krav er enno ikkje publisert. Søndag løp Erle Musum Lyng ein flott 600m på 1:35.25, tredje best i kretsen innandørs gjennom tidene.  

På sprinten vann Sivert Sellevoll 200m på 23.08, og Martine Tharaldsen vart nr. 2 på 7.86 i sitt første løp sidan juni i fjor. Sivert løp dessutan 400m på 50.49 i Sandnes forrige helg. Forrige helg tangerte også August Hemstad persen på 60m med 6.98 under Norgeslekene. Sondre Gjesdal og Filip Bøe hadde tatt turen til Tyrvinglekene i Oslo denne helga. Sondre sette årsbeste på 60m med 7.08. På 200m vann Filip med pene 21.94 medan Sondre fekk 22.40.

På eit 5km gateløp i Monaco vart Sondre Hoff nr. 15 med 14:27 og Johannes Teigland nr. 20 med 14:41. Vi tar også med at tidlegare Gularløpar Ine Bakken vart nr. 2 i dameklassen med 16:24.

Foto: Arne Dag Myking/Kondis

Bjarte Bogstad