Sølv på Holmenkollstafetten

Etter å ha vunne dei fire siste Holmenkollstafettane måtte Gulars herrelag sjå seg slått med 12 sekund av Ullensaker/Kisa sitt herrelag. Damelaget vart nr. 5 og fall dermed ned to plassar frå i fjor. Begge laga løp imidlertid fortare enn i fjor – 23 sekundar fortare av herrelaget og 24 sekundar fortare for damelaget - så det er ingen grunn til å seie seg misnøgde med innsatsen. Herrelaget jobba seg oppover i feltet i første del av stafetten og tok over teten etter at Eldar Fagerbakke hadde tangert etapperekorden på utforetappen. Vi heldt leiinga til slutten av 10. etappe, men på 11. etappe vart Fredrik Sandvik for sterk for Sondre Hoff og dermed var stafetten avgjort. Det var mange som kom høgt opp på listene for etappetider, i tillegg til Eldar hadde både Johannes Teigland på Norabakken, Tore Akerlie på Lille Besserud, Mats Hauge på 13. etappe og Andreas Haara Bakketun på ankeretappen beste etappetid. Laginnsatsen var prima sjølv om eit par vekslingar ikkje var optimale, og mange andre sterke etappetider kunne vore nemnt . Vi ser lyst på banesesongen, spesielt etter at ei samanlikning med gamle vinnartider viser at årets lag løp fortare enn noko anna Gular-lag sidan vinnarlaget i 1989 når vi tar høgde for endringar i løypelengde. Den einaste på dagens lag som var fødd då var superveteran Ådne Svahn Dæhlin som byrja på skulen det året!

Etter ein sterk andreetappe av Ida Forsmo som hadde tredje beste etappetid opp Norabakken var damelaget oppe på tredjeplass. To etappar seinare var vi nede på 5.plass og der vart vi liggande heilt til mål. Frida Sommervold på utforetappen hadde også tredje beste etappetid og etter 9.etappe (Gressbanen) var vi berre 4 sekundar bak Varegg som imidlertid distanserte oss innover mot mål.

Fleire har også starta utandørssesongen på bane. I Trondheim forrige veke sette både Maren Austevik Bø og Anzu Kvam flotte persar på 5000m med hhv. 17:15.29 og 17:37.98.  I helga varma Andreas Haara Bakketun opp til Holmenkollstafetten med å vinne Lambertsetersprinten på 150m på 16.11, medan Sivert Sellevold løp 200m på Karabinlekene på 22.93 i medvind 2.5. NM-kravet på 22.80 og persen på 22.79 burde vere innanfor rekkevidde!

Bjarte Bogstad