Mange persar og to klarte kravet til EM U23

Våre løparar deltok både rundt i Norge og i London og Australia i helga, og leverte mange flotte prestasjonar. Vi startar oppsummeringa på Per Halle Invitational i idylliske Greveskogen i Tønsberg. Her vart det persar til alle våre deltakarar unntatt haren Ådne Svahn Dæhlin. Erle Musum Lyng vann B-heatet på 800m klart på 2:11.01 etter å ha leia heile vegen. Før sesongen er over trur vi ho er oppe på andreplass på alle-tiders klubbstatistikk (Ingrid Kristiansen har den no med 2:08.96). På 3000m forbetra Anzu Kvam sin 4 dagar gamle pers med heile 11 sekundar og kom inn på 9:59.35. På 5000m for menn vart det persar både til Tore Akerlie (14:27.21), Lars-Olav Måkestad Apold (14:51.24 og under NM-kravet) og Ken-Tony Johansen (15:44.07). Ådne Svahn Dæhlin gjorde ein flott harejobb i A-heatet på 800m, ca 1:06.0 på 500m er sterkt i klassen 40-44 år der Ådne sjølv har norsk bestenotering på 800m.

På Friidrettens venner festival på Moelv laurdag vann Andreas Haara Bakketun 200m på 21.80 og hadde same tid i forsøket. Jacob Vaula løp på 21.93 i forsøket, men løp ikkje finalen. På same stemne søndag vann Jacob 100m med 10.47, berre 1/100 bak pers og under EM U23-kravet på 10.50. I forsøket hadde han 10.58. Her tok August Hemstad fjerdeplassen med 10.88.  Andreas Haara Bakketun vart nr. 4 på 400m på 47.80 og Eivind Trym Wikshåland vann 1500m på 3:49.92.

Adele Henriksen og Maren Austevik Bø hadde tatt turen til London og Night of the 10000 PB’s. Adele fekk 35:21.42 og Maren debuterte på distansen med 35:41.51. Begge har nok meir inne, spesielt Adele, litt surt at Maren var berre halvanna sekund bak EM U23-kravet på 35:40, som Adele klarte med god margin.

Frå Perth i Australia tar vi med at Nikolas Jon Aarland er på veg mot gammal form – han vart nr. 7 i ein halvmaraton med pene 1:11.36. På 10km i Åsaneløpet 10km fekk Christopher Wiggen 33:14, ein annan løpar hadde same tid, så vi veit ikkje kven av desse som var først i mål. Olav Spikkeland vart nr 8 på 36:14. Amalie Joensen vann dameklassen på 38:12, her vart Anne-Mette Juuhl nr. 3 på 41:52.  I NM halvmaraton klasse veteran 75-79 år vart Per Skaar nr. 2 med 2:15.43.

Bildet: Erle Musum Lyng i aksjon inne i vinter. 800m-løpet i Tønsberg førte henne opp på femte plass gjennom tidene i Gular.

Bjarte Bogstad