Andreas klarte kravet til EM U23

Andreas Bakketun viste under VU-spelen i Göteborg at han ikkje har gløymt gamle kunstar som hekkeløpar. Med 51.96 på 400m hekk klarte han kravet på 52.50 til EM U23 i finske Espoo. Andreas var fattige 1/100 bak den 46 år gamle klubbrekorden til avdøde Harald Gjengedal. Rekorden vart sett i ein landskamp i aust-tyske Halle i 1977, både landet og seniorlandskampar høyrer no historia til….

På sprint har elles August Hemstad levert to løp på pers 10.68, og Sondre Gjesdal er også i siget (10.82) etter å ha starta sesongen seint. August har også persa til 21.81 på 200 meter. Vår beste sprinter Jacob Vaula fekk det ikkje til å klaffe i EM for landslag, men kjem nok sterkare tilbake på NM. Og Sivert Sellevold gleda med å klare NM-krava på 200m og 400m i siste liten (pers 22.59 og 49.73).

På mellomdistanse var John Petter Stevik berre 3/10 bak fjorårspersen då han løp på 1:51.65. I fjorårspersen på 800m på Boysen Memorial på Bislett nyleg. Thomas Iversen-Skoge persa seg nok ein gong på same stemne og kom ned på 1:54.94. Vi noterer også stigande form på Sondre Hoff med 1:55.25 på Boysen og 8:21.20 på eit uoffisielt stemne på Bislett. Blant jentene viser Adele Henriksen stigande form med 16:51.43 på 5000m på Bislett, og Amalie Joensen var nær persen med 17:29.27 på 5000 i Arna. Mia Austevik Bø klarte akkurat ikkje NM-kravet då ho løp på 18:01 på 5000m i Sandnes.

På veteran-NM på Modum sist helg vart det totalt 11 gull, 7 sølv og 3 bronse i sommarvarmen. Mestvinnande var Herborg Blakstad (100m, 200m, lengde og tresteg) i KV 80, og Harry Tvedt som tok gull på 100m, 200m og diskos pluss sølv i kule i MV90.

Komande helg er det NM på Jessheim med stor Gulardeltaking – totalt 41 individuelle startar + stafettlag og 23 påmelde utøvarar. Vi spår ei medaljeuttelling ein stad mellom dei to tidlegare NM på Jessheim: 1994 (2 bronse) og 2014 (2 gull, 1 sølv, 1 bronse).

Bjarte Bogstad